|

KAPITTEL 5
Morten Søberg
Haltenbanken
Jo, meiningsmålingsbyrået InFact gjennomførte i perioden 15.–22. april 2021 automatiske telefonintervju med i alt 3072 innbyggjarar i Noreg. Alle var minst 18 år gamle. Og 50,1 prosent av dei spurde var menn. Utvalet var med andre ord kjønnsbalansert.
Akkurat dei same spørsmåla som dei som finst her som meiningsmåling på www.svalbard.money, faktisk. Målet var så å seia å lodda stemninga på «vitskapleg» vis; danna oss eit representativt og nær sagt heilskapleg bilete av kva folk flest tenkjer/meiner om dei pengepolitiske spørsmåla våre. Men i tillegg til svaralternativa på denne nettstaden opna vi òg for at folk kunne svara «veit ikkje».
Eit generelt inntrykk er at relativt fleire kvinner enn menn seier at dei ikkje veit – altså ikkje vel noko av dei tre svaralternativa til kvart spørsmål. Dette er eit gjennomgåande funn.
Apropos: Alt i alt svarer cirka 40 prosent «veit ikkje» på spørsmål om kva som er den viktigaste kjelda til pengar. Som kjent er pengar 100 prosent avhengige av nett tillit for å fungera som pengar, men kan henda mange rett og slett tek dette for gjeve?
Som du elles ser av figur nummer 1, svarer vidare nesten 30 prosent at tillit til sentralbank eller stat er avgjerande. Litt færre, litt meir enn kvar fjerde mann/kvinne, meiner at tillit til ordinære bankar er det underliggjande, for ikkje å seia grunnleggjande.
Vel, her er det «berre» 20 prosent som svarer at dei ikkje veit. Men det overraskande prosenttalet er 72: Over 7 av 10 meiner at berre sentralbankar skal ha ei pengeproduserande rolle. Førestillingane til folk flest i dag liknar på det som var fakta for 200 år sidan – føre framveksten av privatbankar, sparebankar og sjølvsagt bank- eller kontopengar. Det er utruleg, men truleg sant ...
Berre om lag 6 prosent av dei spurde svarer på sett og vis riktig, det vil seia i samsvar med det som faktisk er tilfelle i samtida, nemleg at både sentralbankar og (ikkje minst) andre bankar produserer pengar. Alt dette står i alle høve svart på kvitt i figur 2:
Ja, no snur folkemeininga all den tid eit klårt fleirtal på nær 60 prosent svarer at bank-/kontopengar venteleg kjem til å rå grunnen, jf. figur nr. 3. Legg òg merke til at éin av ti meiner eller ser føre seg at kryptovalutaer vil ta over og få ei dominerande rolle i framtida.
Dersom du ser nærmare på figur nummer 4, varierer trua på kryptovalutaer berrsynt og klårt med alder. Mellom dei yngste i alderen 18–29 år er det mest 20 prosent som svarer «ulike former for kryptovalutaer» på dette spørsmålet. Hjå dei eldste, dei over 65 år, er den tilsvarande svarprosenten berre 4,5 prosent. Tida vil visa – som alltid.
FØRRE KAPITTEL
Variasjonar over moskus, pengar & tid
NESTE KAPITTEL
Frå Leningrad via Svalbard til Ethereum