|

KAPITTEL 2

Svalbard-pengar & kryptovaluta

TEKST

Morten Søberg

BILETE

Haltenbanken

Kaupang krypto

Zoom inn:

Kva var Svalbard-pengar? Dei var pengesetlar utferda av norske og utanlandske gruveselskap i tidsrommet 1906–1978 og dei var i bruk fram til 1980. Desse pengane på Svalbard kom til av praktiske grunnar. Gruvesamfunna var lenge isolerte store delar av året. Heile tida trongst det pengar lell. Til utbetaling av løner, som bytemiddel ved kjøp og sal av varer og tenester, til lagring av verdiar – stutt sagt til å letta livet for folk og det økonomiske samlivet i periferien.

«Stillebenbilete» frå Gruve 3 i Longyearbyen (i drift i perioden 1971-96).

Svalbard-pengane var amerikanske, engelske, norske, russiske, sovjetiske og svenske. Det amerikanske selskapet The Arctic Coal Company var det fyrste gruveselskapet som tok i bruk eigne pengar (utferda av Island Creek Stores Company ) i det som seinare fekk namnet Longyearbyen. Dinest vann ei rad ulike gruveselskap ut både kol og pengesetlar, mellom dei Green Harbour Coal Company, The Anglo-Russian Grumant Company Ltd., Aktiebolaget Spetsbergen Svenska Kolfält, Svenska Stenkolsaktiebolaget Spetsbergen, Det norske Spitsbergensyndikat, Store Norske Spitsbergen Kulkompani (Store Norske på folkemunne), Kings Bay Kull Company og det sovjetiske, sidan russiske, Trust Arktikugol statsselskapet for utvinning og sal av kol på øya Spitsbergen. Det sistnemnde var det einaste gruveselskapet som nytta myntar (prega på myntverket i Leningrad i 1946) i tillegg til setlar.

Ein parentes: (I 1956 søkte Kings Bay Kull Comp. A/S Finansdepartementet om løyve til å slå skiljemynt som skulle løysa av småsetlane (med valørane 10, 25 og 50 øre og 1 krone). Departementet bad Noregs Bank om ei vurdering. Banken var positiv, men Finansdepartementet sette foten ned. Norske Svalbard-pengar på Svalbard var heile tida setlar, ikkje kron og mynt.)

25 Cents, Island Creek Stores Company.

5 Kroner, Green Harbour Coal Company, 1919.

Gruve 3 ligg i den nordre fjellsida av Platåberget ovanfor Svalbard lufthamn.

5 Kroner, The Anglo-Russian Grumant Company Ltd, 1920/1921.

Svalbard-pengane var eit geografisk fenomen. Desse særskilde pengane fungerte berre i ymse lokalsamfunn på Svalbard. Det same gjeld brorparten av «vanlege» pengar: Norske kroner er påbode betalingsmiddel einast i Noreg. Mange namn på pengar har òg eit geografisk opphav. På norsk er dollar og dalar lånord gjennom dansk og lågtysk daler frå høgtysk Thaler, ei avstytting av Joachimsthaler, etter småbyen Joachimsthal i kongeriket Böhmen, der mynten frå 1518 vart prega (no Jachymov i republikken Tsjekkia). Frå 1816 og fram til 1875 var spesidalar offisiell norsk pengeeining.

På norsk er dollar og dalar lånord gjennom dansk og lågtysk daler frå høgtysk Thaler.

«Gruvearbeidarane kunne bruka setlane som om dei var vanlege pengar. Ålment og tidlaust er pengar det pengar gjer; pengar er tufta på ålmenn tillit til at dei er pengar som fungerer.»

Ikkje grønskollingar: Gruvearbeidarar med minst 6 månaders ansiennitet brukar gule hjelmar.

1 Kr, Store Norske Spitsbergen Kulkompani, 1949/1950.

10 øre, Store Norske Spitsbergen Kulkompani, 1950/1951.

Svalbard-setlane viste seg å vera avgrensa i tid. Sameleis er det med flestalle pengar opp gjennom tida. I Noreg løyste kroner og øre av dei gamle einingane spesidalar, ort og skilling. I EU har euroen kome i staden for vidspurde valutaer som tyske mark, franske franc og så bortetter. Pengar er djupast sett menneskeskapte fenomen eller ovringar som endrar seg med tida og tilhøva – dei er verken konstantar hogne i stein eller noko som står skrive i stjernene.

Skrifta på ryggen: Gruve 3-logo.

10 Kr, Kings Bay Kull Company, 1948/1949.

Svalbard-pengane var på papiret uavhengige av både sentralbank og bankar. I regelen står sentralbankar attom setel og mynt. I avanserte økonomiar lik den norske utgjer slike kontantar ein liten brøkdel av den breie/samla pengemengda. Brorparten av moderne pengar er såkalla kontopengar; elektroniske bankpengar på innskotskonti i ordinære bankar. Svalbard-setlar var eit døme på at pengar kan koma til på andre vis òg – «bortanfor» bankar i vid tyding.

50 öre, Aktiebolaget Spetsbergen Svenska Kolfält, 1920/1921.

Svalbard-pengane hadde verdi i form av kjøpekraft. Gruvearbeidarane kunne bruka setlane som om dei var vanlege pengar. Ålment og tidlaust er pengar det pengar gjer; pengar er tufta på ålmenn tillit til at dei er pengar som fungerer. Slik tillit kan vera tufta på ei klår og underliggjande kopling til gull eller sylv; til lovverk og institusjonar; tillit til at pengar har verdi, knyter seg i dag til tiltru til relevant teknologi: Kontopengar er elektroniske pengar – digitale kombinasjonar av tala 0 og 1 i datamaskinane til bankane. Slike pengar treng elektrisitet for å eksistera, fungera.

Kvar gruvearbeidar i Gruve 3 hadde eit eige personnummer på jobb.

5 rublar, Trust Arktikugol.

Svalbard-pengane sitt vassmerke var fysisk arbeid. Desse setlane sirkulerte i gruvesamfunna. Og det var arbeidet i gruvene som gav arbeidarane tilgjenge til Svalbard-setlar. Over tid, frå fyrst til sist, eksisterte det eit eintydig tilhøve mellom pengar og arbeid. Det usynlege kvalitetsmerket til Svalbard-setlane var slit og verdiskaping.

Fragment av eit postindustrielt landskap.

Zoom ut:

Svalbard-pengane liknar på hypermoderne kryptovalutaer som bitcoin og ether, ikkje minst språkleg.

Nye monetære symbol: bitcoin og ether.

a) ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ Svalbard-pengane var tufta på arbeid og gruvedrift; utvinning av dei fleste kryptovalutaene er eit resultat av både «proof of work» og «mining».

b) ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ Svalbard-pengane knytte seg til utvinning av kol – som finst i avgrensa mengder, og der marginalkostnaden ved utvinning aukar. På tilnærma same vis er den totale mengda av mange kryptovalutaer på førehand - som del av designet/koden - også avgrensa, og dei marginale kostnadene ved utvinning stig etter kvart som produksjonen går mot den endelege mengda.

c) ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ Svalbard-pengane vart utferda på desentralisert vis på Svalbard – geografisk sett ei slags frisone: eit ingenmannsland før Svalbard-traktaten tok til å gjelda i 1925; eit allemannsland for ibuarar i signatarstatane etter 1925. Dei fleste kryptovalutaene er òg eit desentralisert fenomen – langt på veg «bortanfor» statar og unionar av land.

FØRRE KAPITTEL

Kva er pengar?

NESTE KAPITTEL

Grumantbyen; fragment & fotografi

Kva er pengar?

Svalbard-pengar & kryptovaluta

Grumantbyen; fragment & fotografi

Variasjonar over moskus, pengar & tid

Norske meiningar om pengar: tal som fortel

Frå Leningrad via Svalbard til Ethereum