|

KAPITTEL 1

Kva er pengar?

Eit tidlaust spørsmål

TEKST

Morten Søberg

BILETE

Bank of England

Clydesdale Bank PLC

Noregs Bank

Språk

Det seier seg sjølv: Vi må bruka språk for å skriva, tala og samtala om pengar. Språket ber òg med seg viktig kunnskap i form av hevdvunne seiemåtar, til dømes ordtaka «tid er pengar» og «valuta for pengane». Ein annan påstand er kort og godt at «Pengar er det pengar gjer». Like meiningsfylt er ordet tillit: Eit stykke papir eller metall eller eit tal på ein skjerm er pengar dersom du, eg og ikkje minst vi har ymsesidig tillit til at så er rett. Meir konkret er pengar måleiningar på line med mål for vekt, lengd, temperatur og tid. Dei kan òg omtalast som menneskeskapte fenomen kopla til sparing av verdiar og skifte av eigedomsrett til desse.

«Ein annan påstand er kort og godt at «Pengar er det pengar gjer.»

«I promise»

Grunnlaget for tillit til pengar skifter gjennom tida. Ofte og lenge har edelt metall – særleg gull og sylv – fungert som kjelder til tillit: Lovverket lova eigaren av kontantar rett og høve til å kunna veksla inn setel og mynt mot tilsvarande verdi i gull eller sylv. På pundsetlar utferda av Bank of England står det framleis skrive «I promise to pay the bearer on demand the sum of X pounds» over eit portrett av monarken – endå lovnaden strengt teke ikkje gjev praktisk meining. I staden er tilliten til britiske pund meir eit spegelbilete av tillit til institusjonen Bank of England, til den britiske statsstyringa – og tillit til at slik tiltru er utbreidd og konvensjonell.

«I promise to pay the bearer on demand the sum of one pound.»

1-pundsetel, Bank of England.

Case study UK

Britiske pund i form av setlar og myntar er eit talande døme på at pengar vert til, vert produserte på ymist vis. Det statlege myntverket The Royal Mint har einerett på å slå/prega mynt som er lovleg og tvunge betalingsmiddel i heile Det sameinte kongeriket. Bank of England har sidan 1921 hatt einerett på å ferda ut setlar i England og Wales. I Nord-Irland og Skottland har derimot høvesvis fire og tre private bankar rett til å utferda pengesetlar (gjeve at dei har innskot i Bank of England, som svarar til verdien av eigenproduserte setlar). Alle desse setlane har vassmerke: eit (kvalitets)merke du får auga på dersom du held setlane opp mot lyset. Alle er òg «signerte» av enkeltpersonar med institusjonell makt og mynde. Alt for å underbyggja tilliten til at det er tale om pengar som skal fungera som pengar.

«Promise to pay to the bearer on demand at their office here fifty pounds.»

50-pundsetel, Clydesdale Bank PLC.

Sentralbankar og andre bankar

Setelproduksjonen til dei nordirske og skotske bankane er på sett og vis meir generell enn spesiell: Brorparten av den breie pengemengda i moderne økonomiar er i dag konto- eller bankpengar; innskot på bankkontoar. Lengst har denne utviklinga – frå setel og mynt til bankpengar – truleg kome i Skandinavia. Der utgjer kontantar mindre enn fem prosent av den breie (eller samla) pengemengda. Ein god del av bankpengane kjem til og vert skapte i samband med långjeving. Når ein bank vedtek å gje kreditt, aukar der og då pengemengda i økonomien i same omfanget som storleiken på lånet når lånesummen vert overført til låntakars konto og såleis vert fullt brukelege bankpengar.

«Kontantar er fysiske, materielle – bokstavleg tala handgripelege. Tidsrette bankpengar er derimot immaterielle: Dei er nummer, siffer, tal på skjermar, i rekneskapar, på serverar.»

Tal; talkombinasjonar

Kontantar er fysiske, materielle – bokstavleg tala handgripelege. Tidsrette bankpengar er derimot immaterielle: Dei er nummer, siffer, tal på skjermar, i rekneskapar, på serverar. Bankpengar er slik sett elektroniske; verken papir eller metall. På papiret skal dei kunna vekslast om til kontantar. Det er sannsynlegvis medverkande til tilliten til dei. I tillegg må bankane sjølve nyta ålmenn tillit for at bankpengane skal kjennast sikre som banken («as safe as the Bank of England» …). Det kan eigna lovverk og krav til særleg eigenkapitaldekning i bankstellet leggja grunnlag for. Det sentrale er truleg dette: Meir og meir, for alt fleire, vert pengar tilsynelatande lik tal; rekkjer av tal, kombinasjonar av tal. Og bak tala ligg kode: programvare, programmering, teknologi.

Til sjuande og sist: arbeid

A.O. Vinje (1818–70) var essayist, journalist og lyrikar. I 1985 prega og pryda portrettet hans framsida på dei nye 50-kronesetlane til Noregs Bank; dei fyrste i sitt slag med nynorsk tekst.

50-kronesetel, Noregs Bank.

«Det er krystallisered menneskelig Sved.»

I avisa Dølen hadde Vinje 25. februar 1866 ein artikkel på prent med tittelen Velstandslære (statsøkonomi). Han bygde fyrst og fremst på engelske tekstar. Til dømes siterte han Adam Smith og læra hans om at arbeid er kjelda til velferd. Det økonomiske problemet er at arbeid ikkje endefram kan bytast mot anna arbeid. Pengar kjem fram, skreiv Vinje, av di ein treng eit bytemiddel som alle vil ha, fordi dei med det kan få atter allting for det. Dinest heldt han fram såleis:

«Men Penge (Gull) er berre ei aalgjengeleg Vare, som kjem af Arbeid, lik all annan Vare. Derfor svarade eg Schweigaard1, daa han til Examen spurde meg, kvat Penge var: «Det er krystallisered menneskelig Sved» eller: Sylvdalaren er storkna Manna-Sveitte. Det er eit poetisk Uttryk, svarade han, men i sin Grunn sannt.»

Med andre ord: Vinje meinte at pengar må forståast i relasjon til arbeid: Pengar har rot i arbeid, gjennom arbeid får du tilgjenge til pengar. Gjev desse pengepolitiske sentensane til Vinje meining i dag? Sannsynlegvis: Arbeid i dag – på breiddegradene våre – kan ikkje like lyrisk som før knytast til «krystallisered Menneskelig Sved», men pengane dine er i regelen løn for utført arbeid over ein tidbolk. Pensjonen din er utsett løn. Skulda di skal betalast med framtidig løn. Lommepengar, arv, kontantstøtte frå staten, kontantstraumen til Oljefondet frå aksjeutbyte, obligasjonar og utleige av fast eigedom, arbeidsavklaringspengar, tolv rette i tipping og alskens jackpotar, eigarlause pengar på fortauet, arbeidsløysetrygd, borgarløn i ei «robotisert» framtid – alt dette liknar på eit delta, ein oppdelt elveos med arbeid som monetær kjelde ein eller annan stad lenger opp i det økonomiske høglandet.

NESTE KAPITTEL

Svalbard-pengar & kryptovaluta

Kva er pengar?

Svalbard-pengar & kryptovaluta

Grumantbyen; fragment & fotografi

Variasjonar over moskus, pengar & tid

Norske meiningar om pengar: tal som fortel

Frå Leningrad via Svalbard til Ethereum