|

KAPITTEL 3

Grumantbyen; fragment & fotografi

TEKST

Morten Søberg

BILETE

Haltenbanken

Noregs Bank (setel)

Norsk Polarinstitutt (kart)

I

Ordet pengesetel står så å seia aldri uttrykkjeleg skrive på pengesetlar, berre mellom linene. Det held med ei mengd kjennemerke: Vi kjenner att pengesetlar på det rektangulære formatet deira, namn på utferdar (for det meste sentralbankar), vassmerke, «handskrivne» underskrifter og sjølvsagt tal som syner kva setlane er meinte å vera verde. Men eit unnatak som stadfester regelen, er ein femkroners setel frå 1920/21, frå Grumantbyen på Svalbard. På den setelen, med lilla skrift på lysebrun bakgrunn, står ordet «Pengeseddel» skrive i ein slags boge øvst på papiret, lik ei overskrift. Pengesetelen er òg underskriven av ein person med eit namn som sluttar på s, ein bokstav som til alt overmål er skriven som ei understreking av underskrifta.

Femkroners setel frå 1920/21, frå Grumantbyen på Svalbard.

På det meste arbeidde og levde drygt tusen vaksne og born frå Sovjetunionen i Grumantbyen.

Grensekart, Anglo-Russian Grumant Company Limited.

Kart over Grumant og omegn.

II

Grumantbyen er ikkje barnelærdom, men denne nedlagde gruvebyen på sørsida av Isfjorden, mellom Barentsburg og Longyearbyen, var den folkerikaste busetjinga på Svalbard i to knappe tiår etter andre verdskrigen. På det meste arbeidde og levde drygt tusen vaksne og born frå Sovjetunionen der: Det sovjetiske gruveselskapet Trust Arktikugol byrja drift i Grumantbyen hausten 1931. Heldigvis hadde gruvebyen vorte evakuert før dei to tyske slagskipa «Tirpitz» og «Scharnhorst» og ti jagarar skaut alle husa i brann 8.–9. september 1941. Sovjetrussarane atterreiste byen då freden kom. Hamnetilhøva var det uråd å gjera noko med. Den dag i dag kjem du ikkje i land der frå store båtar; i fyrstninga vart kolet ført med ein beltetransportør om bord i prammar som vart slepte ut til koldamparar ute på fjorden. Frå 1951 frakta dei kol med ei overbygd smalspora elektrisk jarnbane til utskiping frå Colesbukta om lag 7–8 kilometer unna Grumantbyen.

Den dag i dag kjem du ikkje i land frå store båtar; i fyrstninga vart kolet ført med ein beltetransportør om bord i prammar som vart slepte ut til koldamparar ute på fjorden.

Frå 1951 frakta dei kol med ei overbygd smalspora elektrisk jarnbane til utskiping frå Colesbukta om lag 7–8 kilometer unna Grumantbyen.

III

Det står derimot Coal Bay på den nemnde pengesetelen frå dette området. Og rett over: påskrifta Grumant Co. Den nemninga viser til gruveselskapet Anglo-Russian Grumant Company, skipa i London 1919. Dei heldt det gåande med gruvedrift i Grumantbyen ut 1926 og skipa alt i alt meir enn 62 000 tonn kol til Nord-Russland. All tekst på setelen er skriven med latinske bokstavar og på norsk (riksmål). Det er ikkje så rart. Dei fleste arbeidarane i Grumantbyen tidleg i 1920-åra nordmenn. Difor er det rett og rimeleg at kroner vart nytta som pengeeining der: Pengeverdien FEM – 5 – Kroner er påskriven setelen med svart handskrift. Kven kunne bruka denne pengesetelen og på kva? Jo, gruvearbeidarar – til å kjøpa varer i gruveselskapsbutikken i Grumantbyen. Kvifor ferda Anglo-Russian Grumant Company ut eigne pengesetlar? Etter alt å døma av praktiske årsaker: frakt av nærliggjande alternativ som britiske, norske eller sovjetiske setlar opp til Svalbard var venteleg heft og plunder; meir hendig då med lokale pengar.

«I den russiske kulturkrinsen er talet 3 eitkvart djupt religiøst, for å ikkje seia ortodokst.»

IV

Trust Arktikugol utferda òg Svalbard-setlar og nytta eigne myntar slegne på myntverket i Leningrad i 1946. Dei sovjetiske Svalbard-pengane skil seg ut numerisk med pengeverdiane 3 rubel og 3 kopek. Tretalet er av ein eller annan grunn sjeldsynt kost i monetære krinsar. Det normale på tvers av landegrenser har vore og er bruk av tala 1, 2, 5, 10 og så frametter på velkjent vis. Men dei sovjetiske pengevalørane på Svalbard var henta frå Sovjetunionen. Der var tretalet numismatisk kvardagskost, i Russland også føre revolusjonen. I den russiske kulturkrinsen er talet 3 eitkvart djupt religiøst, for å ikkje seia ortodokst. Det kjem mellom anna til uttrykk i seiemåten бог любит троицу – «Gud elskar treeininga». Alle gode ting er tre, inkludert openberringsformene Faderen, Sonen og Den heilage ande.

Det sovjetiske gruveselskapet Trust Arktikugol byrja drift i Grumantbyen hausten 1931.

I dag er Grumantbyen berre ei handfull falleferdige bygningar; industrikulturelle etterleiver.

V

Grumantbyen er ein industrielle ruin; gruvedrifta vart nedlagd 1961 og anlegget avvikla seks år seinare. Så seint som i 1959 vart det bygt ei heller stor bustadbrakke her, og eit råbygg til nytt bad og vaskeri vart reist. Det vart drift i ei ny gruve aust for Grumant med produksjon frå strossene 60, 61 og 62, melde bergmeisteren på Svalbard. «I forbindelsessjakten mellom den nye gruve og atkomsten gjennom de eldre drifter ble det utbygd heiseinnretning for såvel person- som godstransport.» I dag er Grumantbyen berre ei handfull falleferdige bygningar; industrikulturelle etterleiver. Grønberget austanfor gruvebyen går rett ned i fjorden, men her og der ser du menneskelaga hòl; konturar av gruvegangar som kverv innetter i mørker og ei anna tid.

Grønberget austanfor gruvebyen går rett ned i fjorden.

Her og der ser du menneskelaga hòl; konturar av gruvegangar som kverv innetter i mørker og ei anna tid.

VI

Til liks med andre Svalbard-setlar hadde ikkje pengesetelen frå Grumantbyen frå 1920/21 noko vassmerke; kvalitetsmerke du får auga på om du held offisielle setlar opp mot lyset. Meininga med dei er i fremste rekkje å motverka falskmynting. Vassmerke medverkar til tillit til at pengesetlar er autentiske. Likevel: Det abstrakte vassmerket til Svalbard-setlane var gruvearbeid: samarbeid, skiftarbeid og ikkje minst slitsamt arbeid. Svalbard-pengane er slik sett nyttig pengepolitisk klårtekst – dei hadde eit krystallklårt samband med lønsarbeid. Ulikt pengar no om dagen var dei òg fysiske, materielle. Ny tid: Meir og meir ovrar pengar seg som talteikn på display. Men alskens pengar – og tilgjenge og tillit til dei – reflekterer etter alle solemerke ymse former for arbeid over ulike tidsrom.

FØRRE KAPITTEL

Svalbard-pengar & kryptovaluta

NESTE KAPITTEL

Variasjonar over moskus, pengar & tid

Kva er pengar?

Svalbard-pengar & kryptovaluta

Grumantbyen; fragment & fotografi

Variasjonar over moskus, pengar & tid

Norske meiningar om pengar: tal som fortel

Frå Leningrad via Svalbard til Ethereum