|

KAPITTEL 4

Variasjonar over moskus, pengar & tid

I 1929 vart 17 moskusdyr henta frå Grønland og sette ut ved Adventfjorden på Svalbard. Kva har dette med pengar og tid å gjera?

TEKST

Morten Søberg

BILETE

Haltenbanken

Norsk Polarinstitutt

ILLUSTRASJONAR

Haltenbanken

Harde fakta:

●‎‏‏‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‎Adolf Hoel ved Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser stod bak tiltaket. I korte trekk handla det om eit forsøk, eit eksperiment – ein tanke om å introdusera ein dyreart i eit område der dyra ikkje høyrde heime. For moskusoksen lever opphavleg langs kysten nordaust på Grønland, på øyane vest for Nord-Grønland og i Nord-Canada.

●‎‏‏‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎I Norsk Allkunnebok står det at dyret har òg har funnest i Noreg – for lenge sidan; i kvartær tid. Dessutan: «Moskusoksen minner både om okse og om sau. Rova er stutt, mulen hårete. Juret har 4 spenar. Kroppen er kledd med tjukk botnull og langt ragg av krulla dekkhår. Horna er store, med eit tjukt band over panna. Moskusane lever i flokkar med ein fullvaksen okse som førar.»

●‎‏‏‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎I 1940-åra hadde talet på moskus på Svalbard auka til om lag 50 dyr. Men dei greidde seg ikkje. Stammen kollapsa på 1980-talet. No er dei berre eit minne. Staden der dei vart sette ut – Moskushamn – har jamvel skifta namn, til Hiorthhamn.

Dei fyrste moskusane kjem til Svalbard i 1929.

Mjuke vurderingar:

●‎‏‏‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎Forsøk og eksperimentelle idear/tankesett særmerkjer òg pengar; syn på korleis verdien av pengar vert fastsett, og det vi kan kalla pengepolitiske regime. Etter 2001 har norsk pengepolitikk krinsa om inflasjonsmål og flytande valutakurs. Også mellom desember 1992 og mai 1994 flaut krona fritt overfor andre valutaer, like eins hausten 1971, mellom 1931 og 1933 og «heilt i starten» frå 1816 til 1823. Dei herskande tankane gjennom 1800-talet og fram til 1931 var derimot at den norske spesidalaren, og frå om med 1875 krona, skulle ha ein verdi målt i edelt metall. Fram til 1875 i sylv, dinest i gull

●‎‏‏‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎Den norske pengepolitiske soga er ei forteljing om korleis tankemønster og paradigme avløyser kvarandre relativt raskt. Lengst, om lag femti år, varte trua på gullstandarden som den rette læra – om lag like lenge som moskus levde på Svalbard. I ettertid vert gullstandarden sett på mest som ein fiks idé; eit pengepolitisk regime som ikkje greidde seg og så vart avløyst av langt på veg det motsette: flytande valutakursar.

●‎‏‏‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎‏‏‎ ‎Kryptovalutaer er på sett og vis ein ny måte å tenkja rundt pengar på. Etter den siste globale finanskrisa vart bitcoin lansert som ein ny måte å gjennomføra økonomiske transaksjonar på. Jamsides bitcoin florerer liknande eksperiment med pengar tufta på blokkjedeteknologi: Dei vert sette ut i økonomien, dei kan reknast som forsøk – og tida kjem til å visa om dei slår rot og greier seg betre enn moskus på Svalbard.

FØRRE KAPITTEL

Grumantbyen; fragment & fotografi

NESTE KAPITTEL

Norske meiningar om pengar: tal som fortel

Kva er pengar?

Svalbard-pengar & kryptovaluta

Grumantbyen; fragment & fotografi

Variasjonar over moskus, pengar & tid

Norske meiningar om pengar: tal som fortel

Frå Leningrad via Svalbard til Ethereum