|

KAPITTEL 4
Morten Søberg
Cathrine Brøymer
Haltenbanken
«London calling to the faraway towns»: Grumantbyen på Svalbard var i byrjinga, på 1920-talet, ein company town styrt frå den britiske hovudstaden. «London calling to the underworld»: Du må leita, grava djupt i arkivet for å finna skriftleg kol; handfast informasjon om gruveselskapet som etablerte og dreiv Grumantbyen; arkival gruvedrift:

London calling ...

... to the imitation zone
Forget it, brother, you can go it alone
Den 24. august 1924 skriv ANGLO-RUSSIAN GRUMANT CO., LTD. eit brev til «Herr Docent Hoel, Advent Bay». Brevet er skrive på norsk riksmål. Og det gjer klårt at leiinga – direksjonen – i selskapet har avgjort at anlegget deira på Spitsbergen «fra nu av» ber (stad)namnet Grumant City. Selskapet bed om at dette nye bynamnet vert teke i bruk og nytta på kart over Svalbard.
Gruveselskapet Anglo-Russian Grumant Company, Limited vart registrert i London 4. mai 1920. Aksjekapitalen på 60 000 britiske pund vert ei veke seinare auka til £ 80 000.
Per 31.12.22. var dei største eigarane Grumant A. G. Agafeloff & Co. (£ 40 000), G. N. Nachimson (£ 20 000), W. E. Hargreaves (£ 3000) og H. T. Hines (£ 3000). Mellom småaksjonærane finn vi Mrs. M. P. Stamp – kan henda gift eller i slekt med styreformann G. R. Stamp?
Arkivet fortel at George Reginald Stamp «is an utmost popular figure not only in the City of London, but also in International Insurance». Stamp vart fødd i London 27. mai 1875 og utdanna ved St. Paul´s School. Styreleiarvervet i Anglo-Russian Grumant Co., Ltd. hadde han frå starten og fram til juni 1931. I tillegg var han – mellom anna – direktør i The Cornhill Insurance Co. Limited, The British and Irish Insurance Co. Limited og med i ulike komitear i forsikringsgiganten Lloyd’s.
«Selskapet betaler 120 000 svenske kroner for ca. 60 kvadratkilometer.»

London calling, see we ain`t got no high
Den 12. mai 1920 skriv Anglo-Russian Grumant Company, Ltd. i London under på ein kjøpskontrakt for eigedomen på Svalbard som femner om Grumantbyen. Selskapet betaler 120 000 svenske kroner for ca. 60 kvadratkilometer. Gruvedrifta i Grumantbyen byrjar om sommaren same året. Selskapet produserer kol der fram til hausten 1926. Eitt år seinare innstiller Anglo-Russian Grumant Company, Ltd. all aktivitet og verksemd i Grumantbyen. Eit endeleg punktum: Etter alt å døma vert selskapet formelt avskipa ein gong i 1932, i praksis truleg i juni 1931. Då gjekk i alle høve direktør Gregory Mikhaelovitch Nachimson frå borde.
Men: Fyrst den 30.desember 1927 får Anglo-Russian Grumant Company, Ltd. eit heimelsdokument, eit skøyte på eigedomen sin (Grumant – matrikkel nr. 21, løpenummer 1) frå det norske Handelsdepartementet. Det skjer etter at selskapet på tre dagar i oktober 1926 skriv under avtalar med Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S, den britiske visekonsulen Carl S. Sæther (ein nordmann med amerikansk statsborgarskap) og Sell & Gurholt A/S for å løysa langvarige grensetvistar. (Kjelde: Svalbard, band 1 (Oslo, 1966) av Adolf Hoel, sidene 354–355.)

Except for that one with the yellowy eye
Korleis ringja, senda telegram eller skriva til Anglo-Russian Grumant Company, Ltd.? I eit svarbrev dagsett 7. november 1923 til «Herr Docent Adolf Hoel, Universitetet» skriv ein embetsmann i Det Kgl. Utanriksdepartmentet at «man har den ære å meddele at man desværre ikke kjender ovennevnte kompanis adresse i London». I røynda, viser det seg, opererer selskapet på og med forskjellige adresser: 7, Union Court og 69, Bishopsgate / 41, Old Broad Street.
Telefon? Jo, LONDON WALL 2559. Telegrafisk adresse: GRUMCOMP, AVE, LONDON.

London calling, yes, I was there, too
Det same telefonnummeret og telegraf-adressa GRUMCOMP, STOCK, LONDON står prenta på det siste livsteiknet frå den no tidlegare direktøren i Anglo-Russian Grumant Company, Ltd., nemleg G. M. Nachimson. Det er tale om eit brev på engelsk av 4. februar 1932 stila til «Adolf Hoel, Esq., Norges Svalbard- og Ishavs-Undersøkelser» og gjeld opplysningar frå Moskva om mogleg boring etter olje på Spitsbergen. Nachimson bed om hjelp for å sjå til at han kan få delar av eventuell godtgjering, royalty som den sovjetiske regjeringa eventuelt kjem til å betala Store Norske dersom sovjetrussarane finn olje. Ja vel? Stort meir står ikkje skrive.
Likevel: Siste del av skrivet er ein minimalistisk sjølvbiografi. Nachimson vart fødd i Libau – «at that time Russia, now Latvia» den 15. mars 1882 «(a Hell of a long time ago – damn it!!!)». I 1905 var han utdanna bergverksingeniør ved Die Königlich Sächsische Bergakademie i Freiberg i Sachsen. Dinest: arbeid i ymse kolgruver i Sør-Russland. I 1910: ny universitetsgrad frå Instituttet for gruvedrift ved «the Imperial Technological Institute at Tomsk, Siberia, where I specialized in gold mining.» Etterpå arbeidde han nokre år som nestkommanderande på eit stort gruvefelt «in the Far East» før han leidde ein ekspedisjon nedover Jenisej-elva (som renn frå Mongolia og ut i Karahavet) på jakt etter førekomstar av grafitt. Så stig han i dei gruveindustrielle gradene, kjøper seg inn i Handelshuset A. G. Agafeloff & Co. i Sankt Petersburg, og forlet Petrograd etter revolusjonen; fer til Svalbard for å inspisera områda som Anglo-Russian Grumant Company, Ltd. kjøper eit par år seinare. Og: Frå og med 1922 var Nachimson medlem av «the British Institution of Mining Engineers», skriv han og rundar av slik: «I give you all these data so that you could use part of them which you will find necessary.»

And you know what they said? Well, some of it was true

London calling at the top of the dial
Det er ikkje mykje vi veit om den engelsk-russiske kolverksemda i Grumant. I band 1 av Svalbard-soga si skriv Adolf Hoel om mangelfullt arkivtilfang: «De opplysninger som foreligger om The Anglo Russian Grumant Co. Ltd.´s virksomhet på Spitsbergen er ytterst sparsomme. Selskapets arkiv har ikke vært tilgjengelig – en vet i det hele tatt ikke om det eksisterer eller i så fall hvor – og de dokumenter som finnes i Svalbardkommisærens og Svalbardadvokatens arkiver vedrørende selskapet, omhandler utelukkende eiendomsforholdene, ikke virksomheten. Det lar seg derfor ikke gjøre å gi en fyldestgjørende fremstilling av det arbeid selskapet nedla på feltet øst for Colesbukta som senere fikk navnet Grumant og selve gruveanlegget Grumantbyen."
«På den eine sida har vi minnet, som utgjer innhaldet i dokumenta. Den andre sida til mynten representerer dokumentasjonssida; alle elementa som seier at minnesida er autentisk og ikkje lyg.»
Dei få arkivalia som finst og omhandlar brokkar frå Grumant-historia kjem frå arkivet til Norsk polarinstitutt, tidlegare Norges Svalbard- og ishavsundersøkelser. I tillegg finst det knappe dokument som stadfester skipinga og avviklinga av selskapet i det engelsk-walisiske nasjonalarkivet i London. Det er uvisst kva ein kan finna i Russland etter så mange år.

And after all this, won`t you give me a smile?
Det eksisterande materialet om The Anglo Russian Grumant Co., Ltd. kan likevel fortelja om viktige hendingar. Dokumenta fortel oss at dokumentasjon også kan vera handlingar som stadfestar eigedomsrettar, sal av opsjonar, vitnesbyrd, datoar og underskrifter. Det er nettopp einskilde dataer, namn, enkle nummereringar og innhaldet i breva som kan seia kva som høyrer i lag og som skaper ein samanheng i stoffet. I tillegg veit vi at alle dokumenta er del av det historiske arkivet til Norsk Polarinstitutt, som no er teke hand om av Statsarkivet i Tromsø. I ein arkivsamanheng er det slike element som aukar truverdet til kjeldene.

I never felt so much alike, alike, alike, alike
Den canadiske arkivteoretikaren Terry Cook skreiv om arkivmynten som metafor for dei to sidene ved arkivmaterialet. På den eine sida har vi minnet, som utgjer innhaldet i dokumenta. Den andre sida til mynten representerer dokumentasjonssida; alle elementa som seier at minnesida er autentisk og ikkje lyg. Myntmetaforen fortel oss at begge sidene er uløyseleg knytte saman. Utan datoar, underskrifter og arkivsamanhengar, er ikkje minna frå Grumant-dokumenta like mykje verde ˗ uansett kor lite eller kor mykje dei kan fortelja oss om denne tida.
FØRRE KAPITTEL
Ferdaminne frå Colesbukta
VIDARE
Til hovudside