|

KAPITTEL 1

Fakta om Svalbard
& Svalbardtraktaten

TEKST

Morten Søberg

BILETE

Haltenbanken

Norsk Allkunnebok (kart)

ILLUSTRASJONAR

Björk Bjarkadottir

FAKTA OM SVALBARD

Kven oppdaga Svalbard?

Kanskje nordmenn / islendingar … I islandske annalar for året 1194 står det skrive «Fundr Svalbards». I Landnámabók heiter det at «… fra Langanes i det nordlige Island er der 4 dages seilads til Svalbard nord i havsbotn». Så vart øya Spitsbergen oppdaga (eller Svalbard oppdaga på nytt) i juni 1596 av nederlendingen Willem Barentsz (eigenleg Barentszoon), som var utsend med mål om å finna nordvegen til «Kongeriket Kina».

Kvar er Svalbard?

Svalbard er per definisjon lik «Bjørnøya, Vest-Spitsbergen, Nordostlandet, Barents øy, Edge øy, Kong Karls land, Hopen, Prins Karls Forland og alle andre øer, holmer og skjær mellem 10° og 35° lengde øst for Greenwich og mellem 74° og 81° nordlig bredde».

Kva tyder Svalbard?

Ordet Svalbard kjem av sval ‘kjølig’ og bard ‘kant, rand’. Brorparten av stadnamna på Svalbard er elles norske – og skrivne på nynorsk. Dinest er stadnamna der i fyrste rekkje engelske og svenske. Om lag halvparten av stadnamna på Svalbard er oppkalla etter enkeltpersonar, til dømes den russiske pomoren Ermil Starostin (d. 1826), den fyrste bufaste på øygruppa.

Norsk Allkunnebok er eit nynorsk leksikon i 10 band med atlas og leksikon. Det vart gjeve ut av Fonna Forlag i tida 1948-66.

Ordet Svalbard kjem av sval ‘kjølig’ og bard ‘kant, rand’.

Kva var Svalbard?

Eit ingenmannsland (terra nullius) i folkerettsleg tyding, utan menneske/urfolk. Alternativt eit terra communis: eit allemannsland, eit sams land for alle lands borgarar; nokså fritt fram for kvalfangarar og andre fangstfolk, granskarar og vitskapsmenn, gruveselskap og gruvearbeidarar. Alle tettstadene på Svalbard – Barentsburg, Longyearbyen, Ny-Ålesund og Pyramiden (nedlagd i 1998) – var opphavleg gruvebyar/«company towns».

Kva er Svalbard?

Svalbardlova frå 1925 slår i paragraf 1 fast at «Svalbard er en del av kongeriket Norge». Svalbard er likevel ikkje nokon eigen valkrins ved stortingsval. Under førehavinga av Svalbardlova var det òg ein subtil debatt i Stortinget om «Noreg burde taka ved Svalbard som eit underland, d.e. ei norsk landvidd utanfor dei sjølvare riksgrensune», eller om ein skulle «gjera Svalbard til ein del av sjølve riksviddi».

SVALBARDTRAKTATEN:

ABC PÅ 1-2-3

Svalbard – ei norsk frisone

Svalbardtraktaten frå 1920 slår fast «Norges fulle og uinnskrenkede høihetsrett over Spitsbergenøgruppen». Men alle statsborgarar («undersåttar») i land som har slutta seg til traktaten, lik rett til å koma dit, halda til der, driva med næringsverksemd – så lenge dei retter seg etter gjeldande lover og føresegner.

Evig fred (i Arktis … )

Svalbardtraktaten vart tinga fram under fredskonferansen i Paris (Versailles) etter fyrste verdskrigen. Konferansen munna ut i avtalar om nye landegrenser, skiping av Folkesambandet og semje om krigsskadebot, særleg vart Tyskland pålagt å betala skadebøter. Alle desse avtalane er longe sidan «en saga blott», berre Svalbardtraktaten lever framleis den dag i dag.

Kven skreiv under på Svalbardtraktaten i Paris?

Svar: Åtte menn og ei kvinne; «Presidenten for Amerikas Forente Stater, Hans Majestet Kongen av Storbritannia og Irland og de Britiske Oversjøiske Besiddelser, Keiser av India, Hans Majestet Kongen av Danmark, Presidenten for den Franske Republikk, Hans Majestet Kongen av Italia, Hans Majestet Keiseren av Japan, Hans Majestet Norges Konge, Hennes Majestet Dronningen av Nederlandene, Hans Majestet Kongen av Sverige».

Wedel Jarlsberg: eit miniportrett

Fredrik Hartvig Herman («Fritz») Wedel Jarlsberg (1855–1942) var diplomat (av yrke) i rundt rekna femti år. Ubunden av den norske adelslova nytta han tittelen baron. Gjennom livet gjorde han teneste i Stockholm, Wien, London, Madrid, København og ikkje minst i Paris frå 1906. Den franske hovudstaden var eit fast punkt for Wedel Jarlsberg fram til den tyske hærtakinga i 1940. Nokre av dei finaste dagane sine hadde han likevel på tampen av og rett etter fyrste verdskrigen. Alt 19. mars 1918 sende han eit notat til Utanriksdepartementet med ei liste over norske krav etter freden. Sentralt stod Spitsbergen (Svalbard) og «fuld erstatning for vore tap paa sjøen». Det kom ikkje noko svar frå norsk UD, og Wedel Jarlsberg byrja sonderingar på eiga hand. Mellom anna lufta han i dei diplomatiske sirklane tanken om ein norsk koloni i Aust-Afrika og tenkte høgt rundt eit Norwegian East African Chartered Company under norsk suverenitet. Dette reagerte derimot den norske utanriksministeren, Nils Claus Ihlen, på. Han truga med å gå av om Wedel Jarlsberg heldt fram med ideen om «et stort, et større Norge» langt sør for Noreg. Statsminister Gunnar Knudsen greip då inn og sa seg samd med statsråden sin.

Fredrik Hartvig Herman («Fritz») Wedel Jarlsberg (1855–1942) var diplomat (av yrke) i rundt rekna femti år. Ubunden av den norske adelslova nytta han tittelen baron.

Korkje Russland eller Tyskland sat rundt bordet og tinga under fredskonferansen i Paris. Wedel Jarlsberg for sin del krinsa om det. 10. april 1919 spelte han inn «en indgaaende fremstilling av vore krav paa Spitsbergen». Heile våren og sommaren førte han «stadige underhandlinger med Frankrike, England og Amerika». Etter eit personleg møte med den franske statsministeren Georges Clemenceau fekk sistnemnde ordna det slik at fredskonferansen hadde Svalbard-saka føre «i sidste øyeblik». I lag med loveksperten i det franske utanriksdepartementet, ein M. Fromageot, skreiv Wedel Jarlsberg så å seia på oppløpssida «et forslag til den internationale overenskomst angaaende Spitsbergens avstaaelse til Norge». Utkastet deira vart vedteke nesten ubrigda seinstundes i september 1919.

Så: ei diplomatisk sigling i rom sjø? Nei. Problemet bar namnet Lord Curzon. Han var tidlegare visekonge i India og no (slik Wedel Jarlsberg sjølv skriv) «understatssekretær» i det britiske utanriksdepartementet. Den engelske lorden ville at «England» skulle «reservere Spitsbergen for sig selv». Den norske baronen konfererte og konspirerte, samtala med britisk UDs fremste mann i Paris og inviterte den britiske ambassadøren til Frankrike heim på frukost i paleet sitt. Enden på visa: Lorden kom til kort andsynes baronen. Sjølvbiografien til Wedel Jarlsberg – Reisen gjennem livet – er relativt tydeleg på at ærast han som ærast skal. Dinest vart traktaten underskriven 9. februar 1920 og traktaten tok til å gjelda 14. august 1925 etter at Japan – som den siste av signaturstatane – ratifiserte han 2. april same året.

Ein globalisert traktat

Svalbardtraktaten er i fyrste rekkje eit europeisk fenomen: 27 statar i Europa har slutta seg til og ratifisert traktaten:

Albania

Austerrike

Belgia

Bulgaria

Danmark

Estland

Finland

Frankrike

Hellas

Island

Italia

Latvia

Litauen

Monaco

Nederland

Noreg

Polen

Portugal

Romania

Russland (Sovjetunionen)

Spania

Storbritannia og Nord-Irland

Sverige

Tsjekkia

Tyskland

Ungarn

I tillegg kjem sju asiatiske land:

Afghanistan

India

Japan

Kina

Nord-Korea

Saudi-Arabia (Hijaz (kongedøme på den arabiske halvøya 1916-32))

Sør-Korea

To statar i Afrika:

Egypt

Sør-Afrika

Tre nordamerikanske land:

Canada

Den dominikanske republikken

USA

Pluss tre søramerikanske statar:

Argentina

Chile

Venezuela

Kva med Oseania? Jo:

Australia

New Zealand

Alt i alt: 44 statar verda over.

Språk- og arkivopplysningar

Svalbardtraktaten ligg føre på fransk, engelsk og norsk riksmål anno 1920. Traktaten gjer elles kjent at alle ratifikasjonsdokument skal deponerast i Paris, det diplomatiske utgangspunktet for avtalen.

NESTE KAPITTEL

Fotoessay: Barentsburg

Fakta om Svalbard & Svalbardtraktaten

Fotoessay: Barentsburg

Ferdaminne frå Colesbukta

London calling ... Grumant City