|

Personvern og informasjonskapslar

Nettsida www.svalbard.money er eigd av Grumant CO. COAL BAY (organisasjonsnummer NO 935985234). I denne personvernerklæringa kan du lesa om korleis vi handsamar personopplysningane dine.

I.Personopplysningar som vi samlar inn

  • Kontaktopplysningar: e-postadresse.

  • Betalingsinformasjon i samband med kjøp av produkt og tenester frå oss.

  • Informasjon om bruken din av nettsida www.svalbard.money, inkludert di behaldning av digitale Svalbard-setlar som du anten har generert eller kjøpt på www.svalbard.money.

  • Adresser på Ethereumblokkjeden som vert nytta til å generera, kjøpa og selja digitale Svalbard-setlar.

II.Kor vi hentar personopplysningane dine frå

  • Frå deg: Du må oppgje e-postadresse når du registrerer deg som brukar på nettsida www.svalbard.money.

  • Frå datamaskinar og mobilapplikasjonar: For å generera, kjøpa og selja digitale Svalbard-setlar på www.svalbard.money, treng du både ein «wallet»/ei kryptolommebok og kryptovaluta i form av Ether.

III.Lovleg grunnlag for bruk av personopplysningar

Vi behandler også personopplysningene dine for å oppfylla våre plikter i samsvar med lover, føresegner og offentlege avgjerder. Døme på behandling basert på rettslege plikter:

  • Kunnskap om deg som kunde.

  • Bokføringskrav.

  • Rapportering til offentlege norske styresmakter.

  • Rapportering til offentlege norske styresmakter.

IV.Dette bruker vi personopplysningar til

Behandlinga av personopplysningane skjer for at Grumant CO. COAL BAY skal kunna oppfylla sine rettslege plikter. I tillegg har vi ei eigeninteresse i å utvikla gode rutinar for å oppfylla desse pliktene.

V.Utlevering av personopplysningar

Registrerte personopplysningar vil einast verta utleverte til offentlege styresmakter i Noreg når dette fylgjer av lovpålagd opplysningsplikt eller opplysningsrett.

VI.Kor lenge oppbevarer vi personopplysningane?

  1. Så lenge det er nødvendig

    Dette inneber at vi som hovudregel lagrar personopplysningane dine så lenge det er nødvendig for å oppfylla til dømes krav til oppbevaringstid i lover og forskrifter. Vi vil til kvar tid avgrensa tilgangen til personopplysningane dine ut ifrå kven som har tenesteleg behov for slik tilgang.

    I dei tilfella der oppbevaring av personopplysningane dine er basert på eit samtykke frå deg, og du trekkjer samtykket ditt tilbake, vil vi sletta opplysningane snøggast råd.

  2. Døme på oppbevaringstider

    Opplysningar vi er pålagde å lagra i samsvar med bokføringslova og bokføringsforskrifta: opptil 10 år.

VII.Slik bruker vi informasjonskapslar (cookies) og analyseverktøy

Nettsida www.svalbard.money nyttar informasjonskapslar (også kalla cookies). Dette er små bitar data som vert lagra på datamaskinen eller mobiltelefonen din av nettlesaren du bruker. Ein informasjonskapsel høyrer til ein bestemt nettstad, og kan ikkje lesast av andre nettstader.

Vi bruker informasjonskapslar (cookies) på nettsidene våre av to grunnar:

  1. For det fyrste for at nettsidene skal fungera reint teknisk.

  2. For andre for å få infornasjon om bruken av nettstaden. Denne informasjonen nyttar vi òg til å laga statistikk som gjeld bruken av nettsidene.

Meininga med den omtala statistikken er å kunna forbetra tenestene våre. Vi tek omsyn til personvern når vi brukar opplysningar om bruk av nettsidene våre til statistikk: I denne statistikken er det ikkje mogleg å identifisera deg som enkeltperson.

Du kan slå av og på dei statistikkrelaterte informasjonskapslane sjølv, bortsett frå dei tekniske. Dei må vera på for at nettsida skal fungera.

VIII.Spørsmål og klagar

  • Kontaktinformasjon: kontakt@svalbard.money

  • Klage til Datatilsynet: Du har også rett til å klaga til Datatilsynet. Informasjon om det finn du på Datatilsynets nettsider.

VIDARE

Til hovudside