|

Jan Morten Ertsaas, administrerande direktør i Store Norske Spitsbergen Kulkompani

Morten Søberg

Eg heiter Morten Søberg. Eg jobbar som direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1, og akkurat no, i snakkande stund, sit eg i Longyearbyen, på Svalbard, hos Store Norske. Og eg sit i lag med Jan Morten Ertsaaas, som er konsernsjef i Store Norske. Ei såkalla opplagd opning kunne vera at du seier litt om deg sjølv, din bakgrunn og jobb.

Jan Morten Ertsaas

Ja, CV i kortform: I dag er eg administrerande direktør i Store Norske; har vore det i ein treårsperiode. Og då eg kom opp og tok denne jobben, kom eg òg eigentleg heim for eg er fødd og oppvaksen på Svalbard. Men eg reiste ned, som vi seier her, i 1982 for å byrja på studiar og avtena militærteneste. Eg hadde den gongen ingen plan om å koma opp igjen; eg utdanna meg til skipsingeniør. Og eg har jobba innanfor olje og gass; drift, prosjekt – og har hatt andre jobbar før denne moglegheita plutseleg dukka opp og gav meg høve til å koma tilbake til Svalbard, som eg er veldig glad i.

Morten Søberg

Du nemnde at du er fødd her: Du er ein svalbardianar. Det er ein spesiell type nordmenn, det er kanskje ikkje så mange av dei alt i alt.

Jan Morten Ertsaas

Nei, viss du som svalbardianar stiller krav om å vera fødd her, så vert dei ikkje produserte lenger for no vert borna fødde på fastlandet. Men det var jo sånn då eg vart fødd, og det er ei stund sidan, på 60-talet, då var det ikkje fly, og då var det slik at var mor gravid, så vart det leveranse her. Nokre ungar vart fødde kvart år i familiar som var i Longyearbyen. Og familiane den gongen var jo mykje funksjonærfamiliar

Morten Søberg

Apropos Store Norske: Det er jo eit utruleg viktig selskap i Svalbard-samanheng, men kunne du berre ha gått gjennom historia til selskapet; ein slags ABC på 123 og oppsummert nokre viktige fakta og årstal.

Jan Morten Ertsaas

Det kan eg gjera, og dersom nokon er interesserte i meir informasjon kan dei gå inn på heimesidene våre kor det ligg ei historisk line og mange opplysningar. Der ligg også alle årsrapportane i digitalisert form frå etableringsåret 1916 og fram til i dag. Selskapet vart altså etablert 30. november 1916 då ein kjøpte ein kolførekomst i Longyearbyen. Selskapet var privateigd og skulle driva med koldrift her. Det kjøpte rettane frå Longyear og starta koldrift i Gruve 1, eller Amerikanargruva som den heitte. Og så har ein drive koldrift på Svalbard fram til i dag, og produsert samfunn: Store Norske har levert kol og tilstedeværelse. I det ligg ei viktig samfunnsoppgåve: å sikra den strukturen vi i dag ser. Store Norske starta som eit privat initiativ og er i dag eit statleg selskap. Og har vore med på den transformasjonen som vi ser i Longyearbyen i dag: eit relativt moderne, norsk demokrati.

Morten Søberg

Det som òg har skjedd dei siste par tiåra er at kol har slite litt omdømemessig. Men historia om kol her har vore ei historie om norsk suverenitet, hevding av suverenitet. Kva tenkjer du om omdømet til kol og kjernen til selskapet Store Norske?

Jan Morten Ertsaas

Fyrst og fremst er det ei tid for alt. Og ser vi framover i tid, er tida for kol over. Det fortel på mange måtar marknaden, prising og framtidsprisar på kol. Og så er jo kol mykje: Vi produserer kol til industriføremål og vi leverer kol til energiverket i Longyearbyen. Det som går til industriproduksjon vert ikkje brent. Når folk snakkar om kol, ser dei føre seg energikol, piper, brun røyk, og det er det som vert angripe og snakka ned. Men kol vert brukt til mykje anna, til materialproduksjon, industriproduksjon, filtrering som er viktig og kjem til å vera viktig i framtida også. Men prisen på det kolet, sjølv om kvaliteten varierer frå high-end industrikol til energikol, er knytta til den same indeksen: Sjølv om verdien av industrikol er høg, så vert det knytta til ein energiindeks som får grisebank.

Morten Søberg

Ei viktig side ved prosjektet vårt Svalbard Money er at Store Norske – i tillegg til å ha produsert kol – også har produsert Svalbard-pengar heilt frå starten av og fram til desse pengane vart avvikla i 1980. Du har brukt Svalbard-pengar, du har tent Svalbard-pengar: Kan du fortelja oss litt om dei opplevingane du hadde av pengar produsert av Store Norske.

Jan Morten Ertsaas

Ja, det var jo sånn i min oppvekst her så brukte vi Svalbard-pengar, Store Norske-pengar, på lik line med vanlege norske setlar og myntar. Då eg hadde min fyrste jobb som avisbod for Svalbardposten, eller hadde sommarjobb hos Store Norske, fekk eg betalt i Svalbard-pengar, eller ein miks av Svalbard-pengar og gode norske pengar i ein grå konvolutt på kontoret.

Morten Søberg

For dei hadde same verdi, sjølvsagt.

Jan Morten Ertsaas

Dei hadde same verdi. Og då var eg så heldig at eg nokon gonger fekk setlar som var signerte av faren min.

Morten Søberg

Desse pengane hadde ei veldig stor utbreiing; dette var pengar som sirkulerte og var i bruk.

Jan Morten Ertsaas

Og dei kunne vekslast inn mot vanleg norsk valuta eller setjast inn på bankkonto når du forlét Svalbard. Dei kunne berre brukast her, hadde ikkje verdi andre stader, det var på Svalbard du kunne bruka dei.

Morten Søberg

Det var veldig lokal valuta, sjølvsagt, men det må vel ha vore slik at ein kanskje hadde eit anna kjenslemessig forhold til Svalbard-pengar all den tid samanhengen mellom det underliggjande arbeidet, aktiviteten som gjekk føre seg, vart tydelegare spegla i Svalbard-setlane enn det ein tenkjer på når ein ser ordinære setlar frå sentralbanken?

Jan Morten Ertsaas

Det kan du seia, du har jo firmanamnet, den du har jobba for står jo på setelen, så det vert veldig tydeleg at det er eit resultat av arbeid. Men dei som kom opp, målet for dei var å bruka så lite som mogleg av pengar, spara mest mogleg å ta med heim og veksla om til gode, norske pengar for å kjøpa hus og bil.

Morten Søberg

Apropos det å koma hit for å spara og leggja seg opp pengar – slik har det vel til ein viss grad alltid vore at ein kom hit for å arbeida og tena pengar. Og den dag i dag er Svalbard eit skatteparadis på norsk. Vi går no inn i ei framtid der kol vert stadig mindre viktig, du får ein heilt annan næringsstrutur, kunne du ha tenkt litt høgt om rundt kva slags potensial Longyearbyen og Svalbard har som skatteparadis. Alt burde jo liggja til rette for eit spanande næringsliv med start-ups og mykje kreativitet.

Jan Morten Ertsaas

Det var nok endå meir markert før at folk kom opp til Svalbard for å leggja seg opp pengar. No trur eg at dei vert tiltrekte av spaning, at Svalbard er ein spanande stad å vera ein periode. Og det er lett å verta tiltrekt av naturen og historia på Svalbard. Og for oss i Store Norske – og andre firma også – er det viktig at folk har eit sterkt ynske om å arbeida og medverka til den utviklinga som verksemdene og samfunnet har. Og så er det eit samfunn i dag som er mykje meir differensiert enn i min oppvekst og då Svalbard-pengane var i bruk her oppe. No har vi stor tyngd på reiseliv, mange i Longyearbyen som arbeider med undervisning og forsking, og vi har framleis gruveverksemda vår, og vi har eit privat næringsliv som er av ein heilt annan dimensjon no enn det var tidlegare. Og det som tiltrekkjer framleis er natur, og det å koma opp og arbeida med noko som du synest er spanande. Og det som vi må leggja til rette for i Longyearbyen er å bruka dei naturgjevne goda og fordelane her oppe. Du seier skatt, eg seier også moglegheita til å bu i ein liten by, leva enkelt, ha nærleik til natur, oppleva naturen og arbeida med noko som er spannande. Og omstillinga av Longyearbyen – historisk sett eit gruvesamfunn som skal verta noko anna, det er ei fantastisk moglegheit. Og om det vert ein start-up-lab, eg trur vil skal velja oss nokre område som vi kan få til her, der vi kan verta best. Vår ambisjon i Store Norske er å gå frå å vera det vi er i dag, ein klimaversting, klimaavtrykket til kvar enkelt Longyearby-buar er ganske heftig, og for kvar enkelt tilreisande; vi fyrer med kol, køyrer med snøscooter og fartar ikring med båtar som går på fossilt brennstoff: snu det og få til eit fornybar-samfunn her oppe. Longyearbyen er eit fantastisk utgangspunkt for å få til ei rask omstilling og eit signal i ei verd der klimaeffektane vert synlege her oppe før nokre andre stader. Og eg trur det er ei forventing frå tilreisande og dei som jobbar som forskarar her at vi evnar å ta ned klimaavtrykket på den krafta vi leverer.

Morten Søberg

Dette er veldig spanande, og det går på sett og vis inn i ein tradisjon der Svalbard har vore ein arena for utprøving av ny teknologi, pengar; ein framtidslab i ei viss meining. Men viss vi zoomar ut og ser det store biletet så fylte Svaltraktaten i fjor 100 år. Eg vil tenkja og tru at vi hadde flaks i og med at Sovjetunionen ikkje var til stades under forhandlingane for dei hadde interesse av ei vedvarande tung rolle her då òg. Men det vi ser konturane av no er ei større storpolitisk interesse for Svalbard på nytt; nye aktørar kjem til. Kan du seia litt om korleis du ser føre deg dette «spelet» framover? Og kva som bør vera vår rolle, og korleis vi skal hevda norsk suverenitet i ein situasjon som kan verta meir utfordrande enn han har vore på ei god stund?

Jan Morten Ertsaas

Eg skal ikkje meina så mykje om det geopolitiske biletet. For min del tenkjer eg at det aller viktigaste vi kan gjera er for Store Norske å vera ein garantist for tilstedeværelse, som vi har vore og må syta for at vi også er i framtida. Vi legg til rette for og kan leggja til rette for gode, solide arbeidsplassar her oppe; medverka til at vi kan skapa aktivitetar på Svalbard og at andre kan få tilgjenge til infrastruktur her for å gjera det same – slik at vi får ei samfunnsutvikling her som passar inn med ein overordna, norsk Svalbard-politikk. Og så får andre sjå på det store, geopolitiske spelet.

Morten Søberg

Nykelen eller stikkordet er at det må vera nordmenn her og ein viss aktivitet for at suvereniteten skal gje meining.

Jan Morten Ertsaas

Ja, og så tenkjer eg at den aktiviteten må vera knytt opp mot ting som er naturleg og rett å gjera her oppe. Så eit skatteparadis for finansielle aktivitetar er vanskeleg å sjå dersom skattemotivet er det einaste. Det er andre ting som trekkjer. Forsking er ein naturleg ting, reiseliv like eins. Verifikasjon eller stadfesting av at ein faktisk kan få til berekraftige energiløysingar i krevjande arktiske forhold er eit anna element som vi ser på. Vi må bruka dei naturlege fortrinna våre. Og eit naturleg fortrinn er at det er så fint å bu her at du kan trekkja opp flinke folk for ein periode.

Morten Søberg

Apropos det, og noko vi kan avrunda samtalen med: Eg har alltid hatt ei oppleving av at samfunnet i Longyearbyen er særmerkt av ei spesiell form for energi, at det er stor aktivitet her, folk kjem med vilje og meining, og sjølv om samfunnet ikkje er så folkerikt skil det seg ut med ei påtakeleg kjensle av oppdrift her. Er det òg di erfaring?

Jan Morten Ertsaas

Eg tenkjer fyrst og fremst på den erfaringa eg har gjort meg etter at eg kom tilbake. Det er eit samfunn på 2000 menneske som klarer å mobilisera eit symfoniorkester, som har eit mannskor, eit blandakor og eit damekor, alt går føre seg i Longyearbyen. Det er ein utruleg aktivitet og eit stort engasjement - og folk som kjem hit tek med seg heile mennesket og medverkar anten ved å dra på spektakulære ekspedisjonar eller i kulturlivet. Folk bidrar; høg aktivitet på når dei er på jobb og om ettermiddagar og kveldar.

Morten Søberg

Det er på ein måte den ytste periferi, men samtidig eit slags sentrum.

Jan Morten Ertsaas

Kanskje Svalbard tiltrekkjer seg folk med ei spesiell legning som ynskjer og vil meir enn andre.