|

Last ned skrifttypen Grumant Bold og skriv som ein gruvearbeidar.
Når alt kjem til alt: Bitcoin er den grunnleggjande kryptovalutaen. Og fenomenet ordinal inneber at bitcoin-blokkjeda også kan brukast til lagring av bokstavar og tal, tekst og symbol.
Morten Søberg
Haltenbanken
Dune Analytics (Grafer)
MidJourney / Ole C. Loftesnes (Moskus)
Er bitcoin reie pengar? I skrivande stund har berre republikken El Salvador innført bitcoin som offisiell valuta jamsides (alterna- tivt i kappestrid med) amerikanske dollar. På spansk tyder namnet på det landet «frelsaren». Men historia til den minste re- publikken i Mellom-Amerika handlar mykje om vanstyre. Og soga om pengestellet der er eit syrgjeleg kapittel. Mellom anna er det for lengst sett punktum for den nasjonale mynteininga colon.
På tvers av landegrenser og gjennom tida skifter forteljinga om kva bitcoin fyrst og fremst og til sjuande og sist er: Bitcoin er eit betalingsmiddel med avgrensa bruksverdi; bitcoin er digitalt gull; bitcoin er ei kjelde til monalege CO 2 -utslepp. Somme meiner at bitcoin er ei slags finansialisering av «inkje». Andre hevdar at bit- coin stadfester at myntrett – jamfør retten og ikkje minst høvet til å slå mynt – både før og no kan vera gull verdt. Det seier seg des- sutan sjølv at bitcoin aktualiserer tidlause tankar om pengar som ei slags mangelvare: Det må vera ein viss skort på pengar for at dei skal vera verde noko. På sikt vil det finnast maksimalt 21 millionar bitcoin. På same vis kan ikkje ulike former for pengar vera for talrike. Dersom mengda av pengar aukar over alle grenser, konvergerer pengeverdiane asymptotisk mot null.
«Om ikkje anna er bitcoin ei høgteknologisk påminning om mynten som det grunnleggjande og (vanlegvis) sirkulære, metalliske og symbolske uttrykket for pengar.»
Kan henda er det engelske ordet «moneyness» slett ikkje verst når det gjeld bitcoin. Denne fyrste kryptovalutaen har eigen- skapar eller særdrag som på ymist vis gjev assosiasjonar til eit- kvart «pengeaktig», «pengemessig». Reint språkleg er suffikset –«coin» i namnet på kryptovalutaen mest talande lell. For myntar utgjer ein av dei monetære «urkategoriene». Historisk sett har pengesetlar – med sine serienummer – vore avleidde frå myntar; dei har spela andrefiolin. Samstundes har myntar som regel hatt lågare verdi enn setlar. Såleis har inflasjon og tilhøyrande redus- ert pengeverdi medverka til at myntar sakte, men sikkert forsvinn. Om ikkje anna er bitcoin ei høgteknologisk påminning om mynten som det grunnleggjande og (vanlegvis) sirkulære, metalliske og symbolske uttrykket for pengar.
«Taldimensjonen» ved bitcoin er derimot meir finkorna enn kva som er tilfelle med andre former for pengeeiningar. Eit talande døme: Medan 1 kroner er lik 100 øre, er 1 bitcoin lik heile 100 000 000 satoshiar. Kvar og ein slik satoshi kan verta eit såkalla bit- coin-ordinal. Ordinal? ABC på 1–2–3:
Medan Satoshi Nakamoto er eit pseudonym, er amerikanaren Casey Rodarmor namnet på opphavsmannen til bitcoin- ordinal. Rodarmor gjorde ordinal moglege i 2022, og det fyrste ordinalet vart mynta den 14. desember same år.
Eit ordinal er rett og slett ein satoshi med ei eller anna form for inskripsjon. Her tyder inskripsjon påskrift – og påskrifta kan ovra seg som tekst, bilete og andre former for data òg. Dei ulike formene for påskrift vert alle som ein lagra på bitcoin-blokkjeda.
Reint matematisk er eit ordinal eit ordenstal. Etymologisk skriv ordet seg frå det latinske ordo. Og bitcoin-ordinal er i praksis satoshiar på rekkje og rad med påskrivne data. Dei liknar på setlar i og med at kvar slik er ordinal og kan identifiserast med «serienummer».
Harde og kontinuerleg oppdaterte fakta i form av grafikk og statistikk som gjeld bitcoin-ordinal, er tilgjengelege hjå Dune Analytics på www.dune.com. I skrivande stund (oktober 2023) er talet på mynta bitcoin-ordinal kome opp i cirka 35 millionar. Tidvis har det enkelte dagar vorte mynta kring ein halv million slike, jf. figur 1.
Figur 1. Mynting av bitcoin-ordinal gjennom tida.
Ulike former for tekst dominerer så langt typen av data som vert påskrivne satoshiar. Figur 2 syner at i oktober 2023 var heile 95 prosent av dei mynta ordinala påskrivne ulike typar tekst. Med andre ord var data i form av lyd og bilete sjeldsynt kost.
Figur 2. Data som vert lagra på bitcoin-blokkjeda i form av ordinal – etter kategori.
Ordinal nr. 41413 (mynta klokka 22.20.34 UTC 9. februar 2023) er derimot signert www.svalbard.money og inneheld ein inskripsjon i form av eit «bilete» av ein moskus. Hermeteikna i førre setninga handlar om at portrettet av moskus i sol vart generert ved hjelp av kunstig intelligens.

Ordinal nr. 41413 – Moskus-ordinal.
På ekte vart 19 moskusar i 1929 altså sette i land på Svalbard. Nesten hundre år seinare er det ingen far etter slike dyr: Dei greidde seg ikkje, og stamma gjekk under i 1980-åra. Moskus på Svalbard var eit eksperiment – på sett og vis på line med det «Moskus-ordinalet». Ulike former for lokale pengar på Svalbard var òg eksperimentelle, monetære utprøvingar: Setel og mynt som vart sette i omlaup på Svalbard – pengar som i si tid var særmerkte av ulike grader av «moneyness» og heile tida konkrete spegelbilete av gruvedrift / mining og gruvearbeid / proof of work.
Ordinala med serienummer frå 35344268 til 38468319 er ei tekstbasert hyllest til pengehistoria på Svalbard. I og med desse ordinala er både skrifttypen Grumant Bold og innskrifta på den einaste kjende pengesetelen frå Grumantbyen lagra på bitcoin-blokkjeda til ... domedag. Det sistnemnde motivet er skrive inn på 21 ulike ordinal. Talet 21 tel når det er tale om bitcoin og var nærliggjande å tenkja på i denne konteksten med.

Ordinal nr. 38468319 – Grumant Bold.

Ordinal nr. 37915500 – Grumant-setel.
«Framtida løyner seg alltid attom eit slør av fåkunne. Gudane veit korleis fenomenet bitcoin kjem til å ovra seg, utvikla seg.»
Framtida løyner seg alltid attom eit slør av fåkunne. Gudane veit korleis fenomenet bitcoin kjem til å ovra seg, utvikla seg. Ordinala er avleidde frå den opphavlege tanken om bitcoin som eit digitalt betalingsmiddel – meir eller mindre på same vis som myntar gav opphav til setlar. Og medan pengar, irekna bitcoin, i jamt større grad artar seg som «berre» nummer, siffer og tal, er ordinala i fyrste rekkje ei «hyllest» av tekst; alfabet, (monetære!) symbol, skriftteikn. Nett det skriv dei arktiske ordinala under på.